Kjære bryggjarar.
Butikken er lokalisert på Kronstad, rett ved bybanestopp. Og me har parkeringsplassar rett utafor døra. Me føre eit godt utval av maltsortar frå Thomas Fawcett, Brewferm, Best Malz og Weyermann, som kan kjøpast heil eller knust. Me har også eit godt utval av humlesortar, både frå europa, oseania og amerika. Me sel fersk gjær frå WhiteLabs samt diverse tørrgjær. Og me har eit vaksande utval av utstyr for brygging.
Medlemmar i Norbrygg vil sjølvsagt få rabatt, 5 % på alle varer, med unntak pakker og sett der prisen allereie er satt ned(eksempelvis Co2sett og startpakker). Medlemmar plikte sjølve å informere om rabatt ved betaling.
Butikken starta hausten 2011 som ein rein lokalbutikk for bryggjarar i Bergen og omegn. I dag har me vakse til 3 ansatte med lang erfaring frå heimebrygging. Siste tilskot har jamvel erfaring frå bryggeri. Dette gir oss den kompetanse me treng for å kunne bistå deg med ditt bryggeprosjekt. Om de er lite eller stort kan me levere både utsyr og erfaring.
Me har no fått mange kundar i området utafor "omegn" også, noko som gjer at me også sende varer til deg der du bur. Ønskje du noko frå vårt utval, send ei bestilling på post@vestbrygg.no.
Tanken bak butikken er å kunne tilby bryggjarar i Bergen og omegn malt, humle og utstyr utan fordyrande frakt. Me ønskjer også å vere behjelpelig for personar som er nysgjerrige på brygging som hobby, ved å tilby råvarer og kompetanse på same stad. Me har eit fokus på kvalitetsprodukt samt eit stort utval.
mvh.
Birger Storaas