Juleølkonkurranse 2013
Me ønskjer velkomne juleølkonkurranse.
Øltypane som ein kan konkurrere i er 13F(undergjæra) og ein ope overgjæra klasse samt spesialøl med tilsetningar(13B,13Cog 13D). Dette skal merkast på registreringslappen(vel den som er nærast). Ein vil smake øla opp mot dei som er nærast i kategori. Ein vil så kåre ein vinnar basert på dei beste øla i kvar gruppe.
Innleveringsfrist er innan 01.desember(levert på Vestbrygg), og registreringslapp kan lastast ned f.o.m 01.11
Øla vert smaka i to rundar. Alle bidrag må derfor leverast i to eksemplar(me vil anbefale å oppbevare ei reserveflaske i tilfelle ei av dei leverte flaskene har ein feil). Det er kun brune 0,33 flasker av typen Hansa/Ringnes som vert aksepterte. Det er ingen krav til farge på kork, men korken skal ikkje ha noko form for merke. Alle tre bidraga skal ha ferdig utfylt registrerings lapp. Ein på kvar flaske festa med strikk. Flaska skal ikkje ha anna form for etikett. Ein kan kun levere 2 bidrag pr bryggar.
Brot på nemnde reglar vil føre til diskvalifikasjon.
Komplette resultatlister vil verte lagt ut på Vestbrygg.no i etterkant av konkurransa. Dommarskjema kan verte henta i butikken etter finaledømminga er ferdig.